Opna nytt kraftverk 1650 meter inne i fjellet
Oversiktsbilde av kraftastasjonen med Energiminster Terje Aasland på scena
Sognefjord Event med Erlend Fardal Lunde som prosjektleiar hadde onsdag 6. mai totalansvaret for Sunnhordland kraftlag si offisielle opning av Løkjelsvatn kraftverk i Etne
Arrangementet samla 72 inviterte gjester til ei markering av det nye kraftverket, med energiminister Terje Aasland til stades for den offisielle opninga. Arrangementet vart gjennomført inne i sjølve maskinsalen i kraftstasjonen, der gjestene fekk servert mat og underhaldning i heilt spesielle omgjevnader.
Ansvar frå A-Å
Sognefjord Event hadde ansvar for planlegging og gjennomføring frå A–Å, med særleg fokus på logistikk, sikkerheit og koordinering.
– Dette var eit arrangement der mykje måtte fungere samtidig. Me hadde god dialog med mangeinvolverte gjennom heile prosessen, og det var viktig for oss å sikre ei trygg og ryddig gjennomføring, seier prosjektleiar Erlend Fardal Lunde.
Transport inn til kraftverket vart gjennomført med buss, då opninga fann stad 1650 meter inne i fjellanlegget. Arrangementet stilte difor store krav til planlegging og framdrift gjennom dagen.
Frøkedal stod for det musikalske innslaget
Frøkedal, saman med Olav Christer Rossebø framførte tre låtar inne i kraftverkshallen. Anne Lise Frøkedal, kjent under artistnamnet Frøkedal, er oppvaksen i Etne og har dei siste åra gjort seg bemerka med sitt særprega musikalske uttrykk. Det lokale innslaget passa godt inn i rammene rundt opninga av kraftverket og skapte ei stemningsfull oppleving for gjestene inne i fjellhallen.
Følgjande leverandørar bidrog under arrangementet:
Scene, lyd og lys: Fusa Lyd & Lys
Inventar: Etne Betong
Dekor: Etne Blomster
Mat: Fugl Fønix Hotel
Transport: Knapphus Buss
– Slike arrangement handlar først og fremst om godt samarbeid mellom mange aktørar. Me set pris på tilliten frå Sunnhordland Kraftlag og alle som bidrog gjennom dagen, seier Lunde.
Sognefjord Event planla også den vidare ansattsamlinga etter den offisielle opninga. Denne vart gjennomført på Old River Saloon, der heilgrilla gris stod på menyen som avslutning på dagen.
Frøkedal