Referansar
Opning av Leikanger kraftverk, april 2024, Sognekraft
Sognekraft vil takke Sognefjord Event for eit framifrå samarbeid og leveranse ved den offisielle opninga av Leikanger Kraftverk. Over 100 personar var til stades under opningsseremonien, som fann stad 750 meter inne i fjellet i kraftverket. Med bistand frå Sognefjord Event vart maskinsalen forvandla til ein festsal med magisk stemning. God planlegging og tett dialog var avgjerande for eit vellukka arrangement med stort fokus på tryggleik.
Lerumdagen, august 2025, Lerum
Sognefjord Event bidrog med planlegging og gjennomføring av Lerumdagen - ein sommarfest for ca. 150 deltakarar. Dei leverte eit engasjerande opplegg med quiz, live musikk, mat og drikke.
Dei sørga også for god stemning og profesjonell gjennomføring. Me er svært nøgd med samarbeidet og kan varmt anbefale Sognefjord Event vidare.