Tenester

Kva kan me bidra med?

Planlegg du ein personalfest, eit stort arrangement eller kanskje du berre treng underhaldning til ein 60-årsdag? Me kan bidra med alt frå A til Å innan arrangement. Sjå våre tenester under og send inn ein uforpliktande førespurnad.

Prosjektleiar

For at arrangementet ditt skal vera mest mogleg rigga for suksess er det ein avgjerande faktor at nokon veit kva som trengs.

Som prosjektleiar har Erlend Fardal Lunde med seg lang erfaring frå hotellbransjen. For Sognefjord Event har han mellom anna hatt ansvar for store oppdrag for Sognekraft, Lerum og Digitalieringsdirektoratet.

Døme på kva som kan liggje i ein slik leveranse ser du under:

  • Logistikk

  • Køyreplan

  • Booking

  • Koordinering mat, drikke og lokale

  • Teknisk produksjon og koordinering

  • Invitasjonar og gjestedialog

  • Påmelding og registering

  • Dekorering

Når du bookar oss som prosjektleiar er det uansett kunden som er sjefen. Me er ein rådgjevar i prosessen som bidreg med tips og idear, men du/de skal få det arrangementet de ønskjer.

Erlend Fardal Lunde

Artistbooking

Sognefjord Event har god kunnskap om kva som krevs for å få mest ut av underhaldningsbudsjettet. Anten du er ein uteplass som treng avtale om fast artistbooking eller du treng ein trubadur til personalfest. Sjå gjerne også vår underhaldningskatalog.

Førespurnad